Starttid
16:40
Dato
1. mars 2012

Kvalitetsøkt med M. på Dragvoll idrettssenter.

Oppvarming:
20min roleg gange/loffing.

---

Nedtrekk:
1x20@21,5kg
1x20@30kg
4x10@38,5kg

Bør klare meir med skikkeleg innstilling. Litt synd at neste steg er 41kg, kanskje litt i overkant. M. måtte trykkje meg ned i setet i dag, var sjanselaus på å setje meg ned sjølv etter å ha teke tak i stroppene.

---
Triceps i pulley-apparat:
1x20@10kg
4x10@21,5kg

Litt vanskeleg å mobilisere musklane/stabilisere kroppen.
Testa først med stang, det var enklast å mobilisere, men eg svetta skikkeleg og sleit med grepet.
Testa deretter med stropper, det var meir ustabilt og vanskelegare å mobilisere.

---
Pushups med vekt på ryggen
1x30@15kg
3x20@20kg
1x12@12kg

Feiga ut på slutten. Sleit litt med at vektskivene glei, blei veldig skeiv belastning på siste serien.

---
Knebøy:
5x20 @ 10kg.

Stod over einfots på grunn av leddknirk, men merka det small heilt greitt i beina med så mange seriar.
Kanskje like greitt å gjere det på den måten.


Tåhev:
4x15

Ok skjelving og nesten feiling på slutten på dei to siste seriane.


Logg inn (eller Registrer deg) for å kommentere