Route
Styrke
Start time
4:55 p.m.
Date
March 19, 2012

Risvollan idrettssenter med M.
5min gangoppvarming

Øvingar med strikk festa i ribbevegg:
4x10 sidevegs mage/rotasjon. H&V
4x30 rett mageøving

Rotasjon var litt tricky å utføre rett, men eg fekk likevel aktivisert nokre musklar/blei sliten.
Rett mageøving fungerte veldig bra, sjølv om mesteparten av rørsla nok blei i hofteleddsbøyarar. Fekk belasta og teke i utan å få kompresjon eller kontaktsmerter (som ved situps).

Benkpress:
2x20 @ 20kg (stanga)
2x15 @ 30kg (stang+2x5kg)
4x15@ 35kg (stang+2x5kg+2lås)

Betre kontroll enn sist.
Merkar at eg slit litt med å balansere kroppen. Eg ligg fullstendig flatt på benken utan å rekke nedi golvet med beina. Dette set krav til likevekt. Eg må vedlikehalde likevekt ved å bruke stanga som balansepunkt, dette er litt vanskeleg når eg nærmar meg feiling på slutten av seriane.

Knebøy:
1x20, 1x15 @ 14kg
4x15 @ 16kg

Tungt å puste, sliten i hendene, så det var vanskeleg å få vektene til å kvile skikkeleg.

Tåhev:
4x15
Fungerte veldig fint. Ikkje lenger behov for å avlaste totalt i pausane. Bør vurdere tilleggsvekt.

Tricepspress i pulley-apparat:
4x15 @ 15kg

M. hadde med klatrekalk, dette gjorde det veldig mykje enklare å halde fast i stanga. Eg blei ikkje svett og sklei difor ikkje.
Valte å behalde belastninga framfor å gå opp, sidan eg no følte eg fekk utført den veldig korrekt.

Kjente meg noko gåen etter triceps og benk, så valte å avlyse nedtrekk.
Kompenserer ved å ta hangups hos fysioterapeut i morgon.

Login (or Sign Up) to leave a comment