Start time
12:45 p.m.
Date
April 16, 2019

Sitski-test Vassfjellet med representant frå Bardum.
15C, sol frå skyfri himmel, vindstille, skikkeleg lause tilhøve.

Test av ymse ski for å finne rett ski til sitskia neste sesong.
Testa også nye krykkeski - Tessier Tracer.
Framleis litt skadd i venstre skulder, så var noko reservert.
Tilhøva var skrale, så vi tok kun nokre rundar i koppetrekket.

Samanlikna Rossignol Hero Elite ST 172cm med binding flytta bakover 10cm (plate: 5cm, binding på plate: 5cm) med Elan-ski på 170cm med nøytral binding.

Starta med Elan-skia. Dette kjentest direkte ekkelt ut. Eg følte meg ikkje særleg komfortabel.
Noko av dette kan tilskrivast skade og at det var første turen for dagen, men det virka likevel tydeleg at bakskia var for laus.

Testa deretter Rossignol-skia. Dette kjentest umiddelbart tryggare ut - eg følte eg hadde mykje meir kontroll.

Det blir då lagt inn bestilling på ei ekvivalent ski - anten Rossignol Hero ST eller Elan SLX/SL.

Kravspesifikasjon på ny ski vert:
- binding må kunne flyttast >10cm bakover (plate minimum 5cm, deretter 5cm binding på plate).
- skilengde minimum 170cm
- radius 13-15m (helst 13-14m)

Login (or Sign Up) to leave a comment